Han har ikkje komme enkelt til eit liv i glansen, men ved å tru på eigne evner og nekte å gje opp har han nådd fram. Om han har forlate Sunnmøre, er han sunnmøring i ånd og tankegang.
Han har sunge for 50000 menneske i ein park i Dublin, men han set like stor pris på å opptre for eit hundretal ungdommar på ein kafé i Ålesund. Robert Post kjem frå musikareksportøren Langevåg, og sjølv om han førebels er den einaste popstjerna derifrå, har han ikkje gjort skam på bygda.
Han ber etternamnet Øien Fylling, noko som ber bod om at guten har musikalske aner. Morfaren er trompetisten, musikkberaren og inspiratoren i bygda gjennom fleire generasjonar, Oddbjørn Øien. Sjølvsagt vart Robert utrusta med trommesett alt som treåring, men då tassen tok sine første steg i skulekorpset, verka livet som trommeslagar så skræmeleg at han i staden valde å følgje bestefaren og skaffa seg trompet. Han avtente fem år i korpsrekkjene før han såg at det var ein annan karriere han søkte mot. Han ville skrive og syngje popmusikk, og som elleveåring skaffa han seg det mest tenlege instrumentet til føremålet, ein kassegitar, skipa band og gjekk i gang med å komponere og lage tekstar på norskengelsk. Fem år seinare kryssa han Borgundfjorden, fann seg ein pult på musikklinja ved Fagerlia videregående skole og starta bandet Sissy Dogfish saman med to ålesundsgutar. Plate vart det òg, men ein del av kritikarane rynka på nasen til den stinkande pigghåen. Robert hadde for sober stemme til at ho passa til den hardrocken nokre av platekutta baud på.
Likevel, det var musikken han skulle satse framtida på, og etter eit par – tre års opphald i musikkmiljøet i Bergen var det tid for å starte karrieren som soloartist. Avgjerda vart markert med namneskifte. Han ville skilje mellom privatpersonen og artisten, og frå å vere Robert Øien Fylling i det daglege stod han fram som Robert Post på scene og i platestudio. Namnevalet botna i fleire forhold. Ordet måtte vere lett å hugse, det måtte fungere i utlandet, det skulle vere knytt til kommunikasjon og formidling, og då han dessutan hadde lagt bak seg ein kortvarig karriere som postbod ved Loddefjord postkontor, gav namnet seg sjølv.
Ein annan påstått yrkeskarriere, som drosjesjåfør, var derimot ein rein bløff, oppdikta for å lure pressa og få avisoppslag. Og journalistane lét seg lure. Då Robert Post våren 2005 gav ut det første albumet sitt, og platene vart sende til avisredaksjonane, låg bløffen ved i form av eit presseskriv. Der vart det fortalt at den nye kometen hadde fått platekontrakt med eit britisk selskap ved at ein agent hadde vore på talentspeiding i Bergen og på veg tilbake til flyplassen komme i prat med ein syngjande drosjesjåfør, som demonstrerte sitt talent ved å spele av smaksprøver over stereoanlegget. Og avisene skreiv om det lukkelege samantreffet og om lagnadens lunefulle spel. Sanninga var at Robert hadde sendt det britiske plateselskapet demoar, og at dei resolutt hadde svara med å sende ein agent over Nordsjøen for å skrive platekontrakt. At ein drosjesjåfør med tvilsame songlege kvalifikasjonar hadde plaga livet av agenten ved å spele av eigenprodusert støy på vegen til Flesland, avfødde ideen om å servere pressa ei god historie. Britisk musikkbransje har eit omtrentleg forhold til sanninga, og det var best å venje seg til det først som sist, humrar Robert Post.
Etter plateinnspelinga, som vart gjort i London, følgde eit år han ikkje ville hatt om att. Det vart eit liv på reisefot, sju dagar i veka, året til endes, for å halde konsertar, besøke radio- og TV-stasjonar, møte journalistar, halde avtalar, rekkje fly og tog, snart i Storbritannia, snart i Frankrike, Italia og Noreg. Innimellom skulle det drivast anna form for promotering for resten av verda, i Europa, Asia og Amerika. Kvar dag var eit samanhengande mas, jaga fram av manager og eit storstilt marknadsføringsapparat. Men slitet gav resultat. Tre gonger vart han æra med ”vekas låt” i BBC Radio2, største radiokanalen i Storbritannia. Ei veke var det Robert Post, den neste Paul McCartney. Han song for 20000 i Hyde Park i London og for 50000 på ein friluftskonsert i Dublin. I gamlelandet tok han imot to spelemannprisar, og han selde 60000 plater. Robert Post frå Langevåg var blitt stor. Men han skildrar eventyret på ein meir smålåten måte enn det dei fleste sunnmøringar ville ha vore i stand til. Han er ein jordnær gut, som ikkje har teke skade på si sjel.
Det var godt å komme heim att til sørvesten og regnbyene, medgjev han. Han har slått seg ned i Ålesund, og etter å ha kvilt ut og funne att gleda og inspirasjonen har han brukt tida til å lage ei ny plate. Ho er ikkje blitt til i den største byen i Europa, men i eit naust ute på Giske, ombygd av The Margarets. Ei strand ved storhavet er betre for kropp og sjel enn ei stressande storbygate. Så får tida vise kva det blir til.
Fra Arven II av Oddgeir Bruaset (2008)